Levande kulturarv på Sunnhordlandstunet. Markering av Kulturminnedagane laurdag 9. september.

I samarbeid med Stord husflidslag ønskjer me å invitere store og små til markering av Kulturminnedagane på Sunnhordlandstunet laurdag 9. september.

Årets tema er levande kulturarv – og med dette temaet har me valt å fokusere på korleis me kan overføre gamle handverksteknikkar frå ein generasjon til den neste.

Trearbeid med kniv (spikking) og veving av band (grindvev) er noko av det me ønskjer å løfte fram gjennom demonstrasjon, utstilling, forteljing og ulike verkstadsaktivitetar ute på tunet.
Me fyrar og opp åra i Ådlandsstova og inviterer til eventyr og forteljarstund med vår formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten.

Arrangementet passar for heile familien.
Sal av kaffi, saft og lappar.

PROGRAM:
11:00 – 14:00
– Grindveving med Vigdis Vatna/ Stord husflidslag
– Spikking med Håkon Ness/ Stord husflidslag
– Korleis byggje ein barkebåt? Venelaget for Parken demonstrerer
– Hans Andersen demonstrerer trearbeid på bandkrakk og Lise Nordfonn Angeltveit demonstrerer pilfletting

– Leiker ute på tunet
– «Trebingo» – jakt på ulike treslag
– Sal av lappar, kaffi og saft

12:30: Eventyrstund med formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten i Ådlandsstovo
13:30: Omvising på tunet med konservator Helge Pedersen

Velkomen til store og små!

Pris:
Vaksne 100,-
Honnør 75,-
Familie (to vaksne med born) 150,-

The event is finished.

Date

09. september 2023

Time

11:00 - 14:00

Kostnad

100 NOK
Skip to content