«Mental spagat» – ein samtale om kunst, etikk og psykiatri.

I forlenginga av utstillinga «Et noget stereotypt uttrykk» invitarar Halsnøy kloster i samarbeid med Jorun Larsen, publikum inn i stovene på klosteret til «Mental spagat»: ein samtale om kunst, etikk og psykiatri, med Hanne Bramness, forfattar og utstillar Jorun Larsen.

Kjøp billett HER

Frirommet som finst i fiksjonen, eller i grenselandet mellom fiksjon og realitet, synest forlokkande for nokon som freistar å formidla noko ekte og respektfullt om pasientrolla i den tidlege norske psykiatrien. Etiske retningslinjer, personvern og krav om anonymitet kjennest stundom som ei tvangstrøye når ein freistar på dette i rolla som forskar. I rolla som kunstnar er ytringsfridomen ein annan. Og som sambygding i ein kommune kor det lokale psykiatriske sjukehuset mest har blitt ein del av folkesjela – der kan òg praten gå så laust som helst. På den andre sida, kjem sjølv frirommet med avgrensingar.

Er det greitt å gi personar, med utgangspunkt i at dei har erfaring frå rolla som pasient, ei stemme, utan at dei har bede om dette sjølv? Blir menneskerettar krenka, eller blir dei styrka om ein synleggjer psykisk sjukdom? Kven sine andlet og stemmer lyttar me til, og korleis?

Hanne Bramness og Jorun Larsen vil i denne samtalen ta opp problemstillingar som kretsar kring etikk, psykiatri og kunst. Båe har ei særleg interesse for fotografiet som uttrykksform. Med utgangspunkt i dette vil dei freista å setja ord på tema knytt til fiksjon og sanning, andlet og stemmer, anonymitet og openheit. Også om kva våre haldningar til desse tinga seier om oss som samfunn.

Utstillinga vil og vera open og vi syt for kaffi/te og kaffimat i kafeen. Bill. kr. 150.-

Hanne Bramness (f. 1959 i Oslo) debuterte i 1983 med samlinga Korrespondanse. Ho har sidan gitt ut elleve diktsamlingar for vaksne og seks for barn og unge, ein ungdomsroman og atten gjendiktingar. Ho er opptatt av hukommelse, korleis me framstiller historia, også vår eiga og av sansane sine avgrensingar og moglegheiter. Biletkunst, særleg fotografi er ei viktig inspirasjonskjelde; kva visar biletet fram, kva skjuler det? Dikta er i ein tradisjon prega av både fornuft og magi. Bramness har mottatt ei rekke prisar, m.a. Diktertavla i 2016. Dikta hennar er omsett til fleire språk.

I samlinga Den ukjente (2015) er det ein tidlegare pasient ved Valen sjukehus som fører ordet. Eller er det det? Kanskje er dikta her skrive av Hanne Bramness? Men uansett er ikkje eg-et i samlinga henne, stemma er frå ei anna tid. Det ligg eit implisitt ønske i boka om å føre merksemda til lesaren over på den litterære teksten som tekst, ikkje som vedkjenning.

foto: Rolf Christian Mehl

Jorun Larsen (f. 1983) er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Bergen, kor ho jobbar med den norske psykiatrien sin visuelle kultur. Ho har tidlegare forska på fotoarkivet etter Valen sjukehus, og den lokale psykiatrihistoria vert også aktualisert i fotoutstillinga «Et noget stereotypt uttrykk».


The event is finished.

Date

28. mars 2024

Time

15:30 - 17:00

Kostnad

150 NOK
Skip to content