MIN Kulturverndag HEIM – Utvikling, utvandring, utveksling

«Kva vil det seie å vere heime?»
I anledning Kulturverndagane 2025 arrangerer Sunnhordland museum for andre år på rad MIN kulturverndag – Mangfald og Inkludering i Nærmiljøet.
Me ynskjer særleg barn, unge og vaksne med minoritetsbakgrunn velkommen. Arrangementet er gratis og ope for alle.
Me inviterer små og store «heim» til husa og bygningane på Sunnhordlandstunet, kor me stillar oss spørsmålet «Kva vil det seie å vere heime?».
Med temaet «HEIM – Utvikling, utvandring, utveksling» utforskar me identitet gjennom kulturarv, handverk, tradisjonar og natur.
Museet samarbeider med Ung husflid, Stord Husflidslag, Kunst og handverk-linja ved HVL og Stord Vaksenopplæring om dette arrangementet. Saman ynskjer me å stimulere til kunnskapsutveksling om byggetradisjonar, mattradisjonar og handverkstradisjonar.
Utstillingar, demonstrasjonar, spikking, bygging og konstruksjon av modellar av grindbygg og laft, kaseinmåling på gjenbruksmøblar i tre, baking av ulike brød, samt hekling og veving av band, er noko av det som vil stå på programmet.
Under dette arrangementet ynskjer me at ulike kulturar skal møtast til dialog rundt bål og baking ute på tunet, og gjennom samarbeid og utveksling av kunnskap om reiskap, teknikkar og naturmaterialar i verkstadane i dei ulike «heimane».
Under arrangementet ynskjer me å setje fokus på tradisjonar frå ulike kulturar som ein ser spor av i heimane her i Sunnhordland. Me har mange tilflyttarar til dei åtte kommunane som Sunnhordland museum er eit regionsmuseum for, og saman har me erfaringar og kunnskap om ulike byggjeteknikkar, mattradisjonar, måleteknikkar, handverksteknikkar i tekstil og tre, knytt til det å bygge og skape ein heim.
Aktivitetane legg vekt på det relasjonelle gjennom dialog; Kven er DU, kven er EG og kven er ME?
Gjennom samtalar kan museet og dei frivillige saman med deltakarane utveksla forteljingar og få innsyn i kvarandre sine kulturar, noko som kan skape både nettverk og forbindelsar mellom ulike grupper representert i lokalmiljøet.