Skip to content

«PERPETUAL HABITAT»

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER

 11. MAI – 1. JUNI 2025

 Diana Takacsova (Slovakia), Camille Guichard (Frankrike), Martin Venezky (USA)

 Utstillingsopning: Søndag 11. mai 2025, kl 17.00

Diana Takacsova og Camille Guichard vil vere tilstades ved opninga.

For siste gong ynskjer Sunnhordland museum velkomen til regulær A-i-R utstilling ved Halsnøy kloster. Dette er den 25 utstillinga, og sjølv om A-i-R programmet no vert avslutta, kjem me sterkt attende til hausten med ei stor jubileumsutstilling for å markere 15-års jubileet til programmet.

Mykje meir om dette kjem seinare!

I august / september 2024 var Diana, Camille og Martin på opphald på klosteret, og det har vore særs interessant å sjå korleis dei gjennom arbeida gjekk kvar sin veg, mellom anna med gjenbruk av objekt, og bruk av naturen som Halsnøy så generøst byd på, med skog og sjø.

Diana Takacsova er ein forskningsdriven fotograf som arbeider med spørsmål kring identitet, fysisk og emosjonell tilknytning til stad, migrasjon og menneska sitt forhold til natur og miljø, med særlig fokus på skjæringspunkt med maktstrukturar. Ho arbeider sosial-dokumentarisk og henner sosialt sensitive tilnærming er basert på ei konstant undersøking av makt i bildeskapinga. Ho deler no livet mellom Slovakia og Belgia, men trivst best med å vere i rørsle over store deler av verda. Til opninga kjem ho nærast direkte frå oppdrag i Kenya.

Diana har motteke stipend frå National Geographic Society, Pulitzer Center og Goethe Institut, og har óg motteke Slovak Press Photo Award. Fotografia hennar har blitt vist på individuelle og kollektive utstillingar over heile Europa, og arbeida hennar har vore publisert i mellom anna The New York Times, National Geographic Magazine, The Guardian, BBC, Mongabay, GEO, New Lines Magazine og Oxford Monitor of Forced Migration.

Om prosjektet Perpetual Habitat (evigvarande levestad) som og gav namn til heile denne utstillinga, seier ho:

«I dette prosjektet søkjer eg å få kontakt med vatnet som omgir oss, på jakt etter noko som er større enn oss sjølv. Ved å trekke på tradisjonar, daglege praksisar og andelege forbindelsar, prøvde eg i løpet av eit tre vekers opphald å få ei djupare forståing av korleis vatn som element formar det moderne livet på Halsnøy – fysisk, kulturelt og kjenslemessig.»

Prosjektet er forankra i eit nært samarbeid med øybuarar som opprettheld dette bandet, og det fordjupar seg i tema som overleving, næring, ritual, utholdenhet, å vera tilstades i eit stadig skiftande gjensidig forhold som vert forma av skiftande realitetar.

Ho seier: «Det avslører ein viss rytme, ein stemning, ein sensitivitet som eg opplevde på øya.»

Camille Guichard er ein fransk manusforfattar, forfattar, regissør og fotograf.

Han har regissert ei rekkje kreative dokumentarfilmar om maleri, skulptur, teater, arkitektur og samtidsdans, i tillegg til kortfilmar. Han har og utdanning i matematikk. Han er nominert til César-prisen for beste kortfilm og er ellers mottakar av fleire prisar.

Fotografi er eit felt han har utforska i mange år, og etter å ha delteke på fleire fotografiske kunstnaropphald har han nyleg bestemt seg for å vise fram også dette arbeidet sitt.

Med ei karriere som spenner over fleire kunstnarlege disiplinar, fortset Camille Guichard å utforske og omdefinere grensene mellom visuell kunst, litteratur og film

Prosjektet «In the Embrace» (I omfavnelsen) er ei hyllest til naturen.

Han seier: «Dette verket vart skapt under mitt fotografiske residensopphald på Halsnøy, ei lita øy bada i eit mjukt, men intenst lys, der landskapa er uimotståeleg frodige.

Kvar dag vandra eg gjennom skogar og langs strender, og søkte stader der eg kunne blanda meg inn i plante- og mineralstoffet og bli ein integrert del av naturen. Eg avslørte mi usminka nakenhet, utan beskjæring eller redigering og stolte berre på ti sekund (timeren på kamera) for å finne min rettmessige plass i universet rundt meg.

Eg gjenoppdagea ein fridom som kombinerte den barnlige essensen i meg med realiteten i augneblinken – tida sitt merke, gjenkjennelsen av evigheten. Kroppen min svevde, dansa, klamra seg fast, lot seg rive med, søkte tilflukt i naturen sine armar. Eg kjende meg som ein del av ei heilheit og, ut over det, djupt levande.

Denne koplinga mellom det levande og miljøet inviterer til djupare refleksjon over vårt forhold til naturen, vår plass i verda, og nødvendigheita av å bevare jorda sitt biologiske mangfald. Det er ein invitasjon til å feire venleik og mangfald, ei oppvaking til vårt ansvar overfor det.»

Martin Venezky er ein amerikansk kunstnar, fotograf og designar som utforskar forholdet mellom objekt, form, teikning og bilde. Arbeida hans varierer i skala fra intime samlingar av kasserte objekt til store installasjonar i veggstorleik.

I 2001 vart Venezky heidra av San Francisco Museum of Modern Art med ei separatutstilling, og i 2005 vart monografien hans It Is Beautiful…Then Gone utgitt av Princeton Architectural Press.

Venezky har ei bachelorgrad i visuelle studiar fra Dartmouth College, og i 2024 fullførte Venezky sin MFA i fotografi ved Cranbrook Academy of Art, tretti år etter å ha motteke sin første MFA i 2D-design frå same institusjon.

Han har undervist i mer enn tretti år ved California College of the Arts i San Francisco, der han for tida er professor emeritus i MFA-designprogrammet. Arbeida hans er i samlingane til Los Angeles County Museum of Art, San Francisco Museum of Modern Art, Denver Art Museum, Cranbrook Art Museum og San Franciscos Letterform Archive.

Martin sitt residensopphald på Halsnøy var det første i karriera hans. I løpet av tida han var her kombinerte han sine særeigne interesser og vanar med ein ny stad, nytt selskap og nye materialar.

Han starta residensopphaldet slik han startar dei fleste prosjekta, ved å lage ei samling av ting frå omgivnadane og utforske dei som kuriositetar.

«Det tok ikkje lang tid å oppdage bruktbutikkar i området fylt med skjulte skattar. Min praksis vert driven av desse oppdagingane. Eg vert tiltrekt av deira små skadar, riper og brettar. Dette er skjøre ting – ikkje materielt, for dei har overlevd i mange år, men i mine hender er dei deler utan heilheit, skild frå si stamme og funksjon.»

Martin brukte mykje av tida innandørs der han teikna og markerte, og brukte rommet som ein teaterscene der samlinga blanda seg, improviserte og opptrådte. Han var og ute og vandra når veret tillet det, og likte å fange naturkreftene i spel med menneskeskapte konstruksjonar.

Arbeidet han gjorde på Halsnøy har han kalla «Halsnøy: Wind, Windows, and Objects».

«Det endelige verket er ei sortering og omstokking av alt eg fant under mitt tre veker lange opphald. Kombinasjonane overraska meg. Det er dette eg elskar med fotografering; korleis objekt som har samanstilling som einaste forbindelse kan snakke saman og konspirere for å skape sitt eige univers. Før vart dei oversett, no er desse objekta sentrum for merksemda. Kameraet utfører denne transformasjonen uanstrengt.

Medan eg pusser opp objekta føre kameraet mitt, likar eg å gjenskape sjølve det fotografiske rommet, ofte med teikning og digitalt kaos. I staden for stille ærbødighet skaper arbeidet mitt støyande problem for publikum, og eg er glad for å avsløre mi digitale inntrenging. Men eg håpar bildene og vekkjer gleda eg opplever i deira skaping. Kan glede og forstyrrelse knytast saman? Det er det eg søkjer i dette verket.»

 


Dato

11. mai 2025 - 01. juni 2025

Tid

17:00 - 17:00

Lokasjon

Halsnøy kloster

Kostnad

Free