6. – 8. september spikkar det laus på Sunnhordlandstunet!
Me feirar Kulturminnedagane som i år har temaet «Spor, nettverk og forbindelser» med ein stor fest på tunet. Museet samarbeider med Ung husflid, Stord Husflidslag og HVL/ Kunst og handverk om dette arrangementet. Saman ønskjer me å vekke spikkegleda til små og store. Utstillingar, demonstrasjonar, kafé, kurs og workshops er noko av det som vil stå på programmet.
Under denne festen ønskjer me at ulike kulturar skal møtast til dialog rundt bålet – gjennom spor i rått tremateriale.
Dersom det er nokon der ute som ønskjer å bidra – anten i dugnadsarbeid, halde kurs eller stille ut arbeid i tremateriale – ja då er det berre å kontakte oss her på museet.
Sjåast på tunet i september!
Meir info kjem etterkvart!

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

06. - 08. september 2024

Time

17:00 - 16:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord
Skip to content