TEMAKVELD: HEKS – eller berre fattig og sint? Trolldomsprosessar i Sunnhordland 1550-1700
VELKOMEN TIL FOREDRAG MED JOHANNE ØVSTEBØ TVEDTEN OG RELIGIØSE FOLKETONAR AV SOLVEIG SØRHEIM 14.SEPTEMBER KL. 19:00. SUNNHORDLANDSTUNET.
Solveig Sørheim, organist, komponist, folketonesamlar og publikumsansvarleg ved Sæbøtunet, vil framføre religiøse folketonar under foredraget til Johanne Øvstebø Tvedten om trolldomsprosessane i Sunnhordland.
Dersom vi går 4-500 år tilbake i tid, var den verkelege, synlege verda berre ein del av røyndommen som menneska forheldt seg til. Like verkelege var førestillingane om gjenferd og demonar, trolldom og magiske formlar, og om menneske som gjekk i leietog med djevelen for å få makt over andre sin skjebne. Både kyrkje og statsmakt trudde på slike makter, og prøvde å få kontroll over dei ved hjelp av strenge lover og straffer. Særleg utsette var fattige, eldre kvinner. Hekseprosessane i Europa var på sitt mest intense i åra mellom 1550 og 1700. Kvifor var det slik? Kan vi finne noko av årsaka i endringar i samfunnet og folk sine levekår?
Bakgrunn for emnet er etableringa av Escape-rom på Sunnhordland museum sommaren 2022, med tittelen «…dømmes til Baal og Brand». I rommet blir publikum utfordra til å løyse oppgåver som kan redde den fiktive kvinna «Margareth Larsdotter» frå anklagene om hekseri, og frå straffa på bålet. Johanne Øvstebø Tvedten byggjer sitt foredrag på historikar Arnstein Lohndal sine tre artiklar i Sunnhordland årbok om emnet, og på foredrag på nett av proff. i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, om Landslova av 1274.
Billett: 150 kr