TEMAKVELD: HEKS – eller berre fattig og sint?

Trolldomsprosesser i Sunnhordland 1550-1700

Torsdag 3. november inviterar vi til spanande foredrag og forteljingar ved Johanne Øvstebø Tvedten og framføring av religiøse folketonar ved Solveig Sørheim på Halsnøy kloster kl. 18.30. Billett : kr. 150.-

 

 

Heks brent på bålet 1555 Tyskland

Dersom vi går 4-500 år tilbake i tid, var den verkelege, synlege verda berre ein del av røyndommen som menneska forheldt seg til. Like verkelege var førestillingane om gjenferd og demonar, trolldom og magiske formlar, og om menneske som gjekk i leietog med djevelen for å få makt over andre sin skjebne. Både kyrkje og statsmakt trudde på slike makter, og prøvde å få kontroll over dei ved hjelp av strenge lover og straffer. Særleg utsette var fattige, eldre kvinner. Hekseprosessane i Europa var på sitt mest intense i åra mellom 1550 og 1700. Kvifor var det slik? Kan vi finne noko av årsaka i endringar i samfunnet og folk sine levekår?

Sommaren 2022 opna museet eit Escape-rom på Sunnhordlandstunet med tittelen «…dømmes til Baal og Brand». Teamet var hekseforfylgjingar i Sunnhordland og trolldomsprosessar i Noreg etter reformasjonen. Bakgrunnsmaterialet frå dette arbeidet er no blitt eit foredrag med bilde og forteljingar. I tillegg får vi høyre framført religiøse folketonar frå Sunnhordland, ved Solveig Sørheim frå Etne. Solveig er musikar, organist og komponist, og har deltidsstilling i Sunnhordland museum som publikumsansvarleg ved Sæbøtunet i Etne. Ho gav ut boka «Di gamle songadne. Folk- og musikktradisjonar i Etne», i 2021.  Johanne Øvstebø Tvedten byggjer sitt foredrag på historikar Arnstein Lohndal sine artiklar om emnet i tre årgangar av Sunnhordland årbok, og på foredrag på nett av proff. i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, om Landslova av 1274.

Billettar får du HER

 


The event is finished.

Date

03. november 2022

Time

18:30 - 20:00
Skip to content