Hauahuset (Jens Tvedt-heimen)

Barndomsheimen til forfattaren Jens Tvedt i Omvikdalen i Kvinnherad.

Hauahuset i Omvikedalen 

Jens Tvedt blei fødd her i 1857. I 1890-åra sat faren Johannes gamal og einsam att på Haugen.

Han selde huset (ca. 1898). Dei som overtok på Haugen var den engelske forretningsmannen, John Henry Skilbeck med familie. Vestlandet med fjell, brear og fjordar var populære mål for engelske turistar dei siste tiåra av attenhundretalet.

Skilbeckane ville ikkje berre oppleve Noreg utanfrå. Dei ville ha ein fast stad å bu, bli kjende med folket, både i arbeid og høgtid. Son til John, Clement Oswald Skilbeck, tala norsk som ein innfødt, gjekk kledd i vadmål og fekk kjøpt inn gamle bruksgjenstandar frå bygda. Han var kunstnar med bibelske motiv som spesialområde.

Det store glasmåleriet i Rosendalskyrkja er teikna av han. Det same er fana til Omvikedal ungdomslag. Han var og ein ivrig fotograf med særleg interesse for folkeliv og byggeskikk. Mange av desse fotoa er i kommunen si fotosamling. Han kjøpte inn brureutstyr, krune, bringeduk og belte i sølv som gåve til ungdomslaget.

Huset blei gitt til Sunnhordland museum av engelskmannen professor Dunstan Skilbeck i 1959, og er ope etter avtale med museet.

Utstillingar på tunet

Ingen utstillingar.

Kva skjer på tunet?

No event found!
Opningstider

Etter avtale

Finn vegen
Omvisning

Gruppebestilling etter avtale: post@sunnhordland.museum.no

Pris
Etter avtale

Aktuelt frå

Hauahuset (Jens Tvedt-heimen)

Skip to content