Utstillinga syner fram eit utval masseproduserte trykksaker som var ein viktig del av den folkelege kvardagskulturen i industrisamfunnet i frå tidleg 1900-tal og framover.
Gjennom 40 år har forfattar Einar Økland bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Samlinga har vakse seg så stor at ho har fått nemninga «Økland-samlingane». Dei spenner vidt, men samla sett gjev dei eit portrett av skrift- og biletkultur i det moderne Noreg på 1900-talet. Ein revolusjon innan produksjonsmetodar for papir og den nye, grafiske trykkteknikken fargelitografi på 1800-talet, gjorde det mogleg å nå ut til alle heimar. Trivielle trykksaker som annonser, emballasje, bokomslag, kulturplakatar, postkort, illustrasjonar i vekeblad og hefte, men også barnekultur i form av glansbilete, samlekort, malebøker, kort- og brettspel, bokomslag og anna småtrykk, blei masseproduserte. Alt saman var bruksgrafikk meint for å fanga merksemda og auka salet.
Varesamfunnet skaut fart utover 1900-talet, og reklame blei eit eige fagfelt. Alle varene trong marknadsføring, anten det var produkt som skulle seljast, nye kundegrupper som skulle nåast, kunnskap som skulle formidlast eller tru, moral og verdiar som skulle forkynnast. Barn blei ei slik ny kundegruppe. Dei hadde fått meir fritid som dei fylte med malebøker, brett- og kortspel. Bruken av visuelle verkemiddel blei meir målretta, mellom anna for å stimulera barn si samleglede. Små bilete og forteljingar for barn blei putta inn i tobakksesker eller vekeblad for kvinner. Og barna samla, i esker og i permar. Det forgjengelege blei til skattar dei kunne ta fram og sjå på — igjen og igjen.
Trykksakene på papir er ein del av vår eiga kulturhistorie og kan plasserast i feltet visuell kultur.
I utstillinga vil publikum møte desse flyktige og forgjengelege trykksakene, som nærast dekorerte heimane og som var «den vesle manns kunst». Illustrasjonane er ofte dekorative, lyse og morosame og utan konfliktar, men me vil utfordra publikum til å sjå nærare på «forteljingane» bak. Kva verdisyn kjem fram? Kva fortel dei om blikket vårt på «oss» og «dei andre»? Kva for stereotypiar ser me når det gjeld familiemønster, kjønn, nasjonalitet og etnisitet? Og kva parallellar kan me trekkja til den visuelle kulturen som møter oss i vår eiga samtid?
Utstillinga vil stå fram til 12.12.2024.