Tornerose

12.10.2024
–22.11.2024
Ordinær inngangsbillett

Laurdag 12. oktober kl. 14:00 opnar utstillinga Tornerose av biletkunstnar Gro Gillesen (1954), ei utstilling som omhandlar døden og omfamnar livet. Utstillinga synar fram fem store fotografiske verk (210 x 165 cm) som tek utgangspunkt i negativ av døde menneske, fotografert tidleg på 1900-talet. Negativa er digitalt omarbeida, trykka på silkepapir og gitt eit radikalt anna uttrykk enn originalane, gjennom val av fargesetting og format. Utstillinga står fram til 22. november.

Bakgrunn for utstillinga

Gro Gillesen er utdanna kostymedesigner og har gjennom 40 år arbeida som dette i NRK. Parallelt har ho utdanna seg som fotograf og arbeidar i dag med fotografi og ulike biletuttrykk.

Kunstnaren var sterkt knytt til bestemora hennar, Amalia Knudsen Kvilekvaal (1889 – 1991), som var fotograf og hadde eige atelier på Leirvik (C. Aarre, 1907-1920). Då bestemora låg på dødsleiet, fekk barnebarnet Gro Gillesen ei oppfordring om å hente fram igjen dei gamle negativa av døde menneske, som bestemora hadde festa til glasplata for lenge sidan.

Ein lang kunstnarisk og møysommeleg prosess med omarbeiding og gjenskaping blei sett i kraft mot utstillinga Tornerose.

Post mortem

Kunstutstillinga Tornerose aktualiserer post mortem-fotografering. Dette er ein eigen fotografisk sjanger, der fotografar tok bilete av personar som var nyleg avlidne. Post mortem-fotografering var vanleg praksis i Noreg frå fotografiet sin barndom på 1800-talet, og fram til mellomkrigsåra. Desse fotografia hadde ein tydeleg minnefunksjon, og det utvikla seg ein særeigen estetikk rundt slike likbilete. Fotografiet er i ei særstilling som udødeleg materiell kopling mellom fortid og notid. Fotografen si framstilling søkte å skapa eit forskjønna bilete av døden, og metaforen om ein evig søvn omgjev oss både i ord og bilete, òg i dag, når døden skal skildrast.

Negativa Gro Gillesen har nytta som utgangspunkt for sine verk er henta frå arkivet etter fotograf Severin Kannelønning (1873-1935). I dette fotoarkivet finnes òg negativ tatt av fotografar i studioet der Amalia Knudsen Kvilekvaal hadde sitt virke.

Me på Sunnhordland museum ser fram til å opna ei utstilling som ikkje før er synt fram. Etter hundre år får gamle negativ nytt liv, gjennom verka i utstillinga. Gro Gillesen tilfører sitt blikk gjennom sin varsame tilnærming og omarbeiding, nye format og papirkvalitetar. Dette er gjort med stor respekt for både fotografiets objekt og den opphavlege fotografen.

Skip to content