Skriftkulturen på Halsnøy kloster

I slutten av september 2023 vart det halde seminar om skriftkulturen på Halsnøy kloster. Føremålet med seminaret var å bringe fram ny kunnskap om skriftmiljøet ved Halsnøy kloster og dei konkrete materielle kjeldene som kan knytast til klosteret.

Seminaret kom til som eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (ved Forskargruppe for mellomalderfilologi og Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket) og Sunnhordland museum. Seminaret vart støtta av Universitetsfondet.

Halsnøy kloster ligg i dag som eit sterkt vitnesbyrd om mellomalderens klosterkultur, og har også ei rik etter-reformatorisk historie som len og herregard. Berre fragmentariske restar er att etter dokument- og boksamlinga på klosteret. Over hundre fragment frå ulike typar mellomalderbøker og -tekstar er overleverte frå Sunnhordland fogderi og Hardanger og Halsnøy len, og kan ha ei kopling til klosteret: liturgiske bøker på latin frå 1100-talet og fram til reformasjonen, teologiske tekstar, norrøn litteratur, og lovtekstar med både kanonisk og innanlandsk rett. Frå tida etter reformasjonen finst andre typar tekstar som dreier seg om lensdrift og godsforvalting.

Artikkel frå seminaret og dei ulike innlegga frå deltakarane finn du HER

Skip to content