Sunnhordlandstunet

Sunnhordlandstunet i den flotte Vidstenparken på Stord er besøks – og administrasjonssenter for Sunnhordland museum.

På museumstunet er det samla 11 bygg frå ulike stader i Sunnhordlandsregionen. Tunet var opprinneleg tenkt som eit stort og sentralt bygdetun med dei eldste og finaste bygningane i distriktet, men museet gjekk alt i mellomkrigstida bort frå denne tanken, og ville heller verna tun og bygningar i deira opphavlege miljø. I tunet kan du sjå nærare på ei røykstove, truleg frå 1500-talet, eller ei glas- og lemstove frå 1650. I tillegg er smie, stabbur, eldhus, løe, strandsitjarstove, krambu og skulehus representert på tunet.

I museet sitt hoved bygg kan du vandra i utstillingane, bestille ei omvising ute på tunet, besøka vårt escaperoom eller delta på eit av våre mange arrangement gjennom året.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

Ingen hendingar!
Opningstider

Opningtider:

Tysdag – fredag 11:00 – 15:00

Escaperommet har ledige tider på førespurnad, ta kontakt på mail eller telefon.

 

Finn vegen

Finn vegen til tunet!

Omvisning

Utanfor sommarsesong – gruppebestilling etter avtale til post@sunnhordland.museum.no

Pris

Vaksen kr. 100,-
Born 10-16 år kr. 40,-
Born under 10 år – gratis.
Honnør/student kr. 75,-
Gruppebillett over 15 pers. kr. 75,-

For omvisingar i husa på tunet og i utstillingane

200,- per pers.

For grupper: Ta kontakt post@sunnhordland.museum.no

 

Aktuelt frå

Sunnhordlandstunet