Sunnhordland museum søkjer museumsvertar for sommaren 2024

Sunnhordland museum søkjer etter deg som har lyst på ein spennande jobb på museum i sommar. Vi leitar etter museumsvertar på Sunnhordlandstunet på Stord, og museumsvertar samt skjøtselsarbeidar på Halsnøy kloster i Kvinnherad.

Sunnhordlandstunet på Leirvik  

Sunnhordlandstunet er eit museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland som ligg på Leirvik/ Stord. Tunet er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvisningar på tunet og i utstillingar, escaperoom og familieaktivitetar gjennom heile sommaren.  

Halsnøy Kloster i Kvinnherad 

Halsnøy Kloster ligg i Kvinnherad og er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her er det guida omvisingar på tunet, utstillingar, familieaktivitetar og arrangement gjennom sommaren.  

For sommarsesongen 2024 søkjer vi etter: 

Museumsvertar til Sunnhordlandstunet og Halsnøy Kloster.

Som museumsvert tilbyr vi ein variert arbeidsdag med oppgåver som inneber mottak og guiding av besøkande, spelvert i escaperommet (gjeld Sunnhordlandstunet), drift av kafé og butikk, daglege driftsoppgåver, reinhald og førefallande arbeid. 

Vi søkjer etter deg som er motivert, brenn for formidling, er allsidig og glad i å møta menneske. Du er helst over 18 år, snakkar engelsk, og gjerne tysk. Du er gjerne i gang med relevant utdanning og du likar å kommunisera med menneske.  

Skjøtselsmedarbeidar til Halsnøy kloster 

Som skjøtselsmedarbeidar får du oppgåver i hageanlegget og førefallande driftsoppgåver som maling, rydding, vasking m.m. 

Vi søkjer deg som er positiv, sjølvgåande, tek ansvar og har erfaring frå tilsvarande arbeid. Stillinga kan kombinerast med arbeid som guide/museumsmedarbeidar.  

Høyrest dette spennande ut?  

Send oss ein søknad og CV til post@sunnhordland.museum.no innan 17.03.2024 

Det må gå fram av søknaden kva stilling du søkjer på, om det er aktuelt å kombinere stillingar, og om det er periodar i løpet av sommaren du ikkje kan arbeide.  

For spørsmål om stillingane ta kontakt:

Sunnhordlandstunet: Hege Larssen, tlf: 995 66 441

Halsnøy kloster: Helen Petersen tlf: 481 30 020 

Skip to content