Skip to content

Jens Tvedts dag – 14. juni.

Forfattaren og biblioteksjefen Jens Tvedt vart fødd 14. juni 1857 på garden Tveito i Omvikdalen, Kvinnherad kommune. Han levde store delar av livet i Stavanger fram til 1935. Tvedt var ein kjent såkalla Heimstaddiktar i brytning mellom sjangrane naturalisme og realisme. Han skreiv over 20 romanar og skodespel på nynorsk. «Berre to mann i landet […]

Fragmenter. Snitt og lag, delt og sammen.

Tekst av kunstnar Tollef Thorsnes. Med utgangspunkt i både historie og samtid er prosessen mot utstillingen inspirert av utvandring, migrasjon, mangfold, verdighet, mening, bevegelse, berøring, virketrang og håp. Det innebærer mange innfallsvinkler og utvikling av ulike motiv. Særlig er det fokus på reiseobjekter, materialitet, identitet, erindringsbilder og erindringsobjekter. Innenfor materialitet er jeg særlig opptatt av […]

Ungdomstid i det okkuperte Noreg

Anny Sagenes fortel,  skrive i samarbeid med Åsta Kårevik. Artikkelen er tidlegare publisert in Sunnhordland årbok 1995: Ungdomstid i det okkuperte Noreg Eg var 20 år då krigen braut ut. Til eg var 18 hadde eg hjelpt mor mi, Malene Frugård, med arbeidet i butikken og bakeriet, men fekk så hug til å prøva noko […]

Innkalling til STOLtinget

SUMU kallar inn stolar i frå Sunnhordland. Museet ønskjer nominasjonar til STOLtingrepresentantar. DU sit kanskje på ein av dei? På dette tinget er det rom for eit mangfald av stolar. Sit du på eit arvestykke, eit smykke av ein stol – eller på ein enklare pinnestol? Sit du godt, lågt, høgt, mjukt, vondt, hardt – […]

Sunnhordland museum søkjer museumsvertar for sommaren 2025

Folk i kostyme på gamalt tun

Sunnhordland museum søkjer etter seg som har lyst på ein spennande jobb på museum i sommar. Me treng museumsvertar og skjøtselarbeidarar på Sunnhordlandstunet på Stord, og på Halsnøy kloster i Kvinnherad. Sunnhordlandstunet på Leirvik   Sunnhordlandstunet er eit museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland som ligg på Leirvik/ Stord. Tunet er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvisningar på […]

Berekraftvekene på Stord

I februar og mars vert Berekraftvekene arrangert på Stord, eit samarbeid mellom blant anna Stord folkebibiliotek, Naturvernforbundet Stord, Folkeakademiet Stord, Sunnhordland museum, og mange fleire. I den anledning opnar museet sin nye utstilling, STOLtinget – ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som […]

STOLtinget

– ei forsamling av stolar frå Sunnhordland.   I perioden frå 21. januar til 17. august inviterer SUMU publikum til ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som utgangspunkt og drivkraft.    I museet si samling finst det ei rekke stolar frå heile regionen. Desse […]

Årskort 2025

Kjøp eit årskort til deg sjølv eller nokon du er glad i. Sunnhordland museum har 3 publikumsopne tun med eit variert program gjennom heile året: Eit innhalsrikt program: I sommarsesongen tek våre sommarvertar imot deg på tuna. Omvising i hus og utstillingar. Aktivitetar for born og unge, museumskafé og uteleik. Gjennom heile året tilbyr vi […]

Mitt ferdaskrin

Sunnhordland museum har over tid samla inn mange ferdaskrin og reisebommer frå regionen. Desse skrina har ei lang historie og tradisjon og dei var ofte rikt dekorerte. I reisebommene pakka ein med seg mat og niste, medan ferdaskrina blei brukte til oppbevaring og som koffert på reiser, kor ein frakta med seg utstyr til heimen, […]

Bli med meg opp på loftet!

Kva for nokre skattar gøymer seg i esker, skuffer og skap? Onsdag 20. mars inviterer me til omvising og føredrag «oppe på loftet» i utstillinga Den vesle manns kunst, ei utstilling som syner gamle skattar og samlingar med trykksaker.  Kva har DU samla på?    Ta med deg ein ven, kollega eller slektning, på det som vert […]