Sunnhordland museum søkjer museumsvertar for sommaren 2025

Sunnhordland museum søkjer etter seg som har lyst på ein spennande jobb på museum i sommar. Me treng museumsvertar og skjøtselarbeidarar på Sunnhordlandstunet på Stord, og på Halsnøy kloster i Kvinnherad. Sunnhordlandstunet på Leirvik Sunnhordlandstunet er eit museumstun med kulturhistoriske bygningar frå heile Sunnhordland som ligg på Leirvik/ Stord. Tunet er ope 6 dagar i veka gjennom sommarsesongen. Her tilbyr vi guida omvisningar på […]
Berekraftvekene på Stord

I februar og mars vert Berekraftvekene arrangert på Stord, eit samarbeid mellom blant anna Stord folkebibiliotek, Naturvernforbundet Stord, Folkeakademiet Stord, Sunnhordland museum, og mange fleire. I den anledning opnar museet sin nye utstilling, STOLtinget – ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som […]
STOLtinget

– ei forsamling av stolar frå Sunnhordland. I perioden frå 21. januar til 17. august inviterer SUMU publikum til ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som utgangspunkt og drivkraft. I museet si samling finst det ei rekke stolar frå heile regionen. Desse […]
Mitt ferdaskrin

Sunnhordland museum har over tid samla inn mange ferdaskrin og reisebommer frå regionen. Desse skrina har ei lang historie og tradisjon og dei var ofte rikt dekorerte. I reisebommene pakka ein med seg mat og niste, medan ferdaskrina blei brukte til oppbevaring og som koffert på reiser, kor ein frakta med seg utstyr til heimen, […]
SEVERIN KANNELØNNING 1873 – 1935

Stordfotografen med blikk for Sunnhordland Severin Kannelønning hadde frå 1897 til 1935 fotostudio i Leirvik. Der fotograferte han brudepar, konfirmantar og andre som ville bli portrettert. Når han ikkje arbeidde i studio reiste han rundt i Sunnhordland og fotograferte både folk, hendingar og stadar. Sunnhordland museum vil i høve 150 årsdagen for fødselsdagen hans, 01.12.1873, […]
A.i.R. utval for 2024/Final selection for 2024

Dear shortlisted artists, As we are sure you will appreciate, the task of selecting the final three has been an extremely difficult one. The decision has now been made, and the three artists selected are: If you were not selected, we thank you again for sharing your works and thoughts with us, and we hope […]
Utstillinga «Den vesle manns kunst»

Utstillinga «Den vesle manns kunst» syner fram eit utval masseproduserte trykksaker som var ein viktig del av den folkelege kvardagskulturen i industrisamfunnet i frå tidleg 1900-tal og framover. Gjennom 40 år har forfattar Einar Økland bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Samlinga har vakse seg så stor at […]
Escape Room på Sunnhordlandstunet!

Med historia om den siste heksebrenninga i Sunnhordland som bakteppe har me utvikla eit eige escaperoom her på Sunnhordlandstunet. Saman med venner løyser du kodar og gåter slik at de kan redde «Margaret Larsdotter» frå å bli dømd som heks. De vert lukka inne i eit eige rom. Tida renn og adrenalinet kokar. Klarer de […]